page view image

Festidalen 2024

Informasjon
event image

Festidalen 2023 blei ein gedigen suksess! Blide fjes og boblande stemning. Varm luft og varme sjeler. Festidalenjordet, og alle på det, svevde over fjorden. Dette gjentar me! Planlegginga av Festidalen 2024 er sparka i gang for lengst.


28. og 29. juni 2024 er det Kvinnherad og Uskedalen som gjeld,  smørauga i Sunnhordlandsbassenget. Menyen er spekka med musikk og kortreist mat av internasjonal klasse. "For eit program!", "har du smakt burgeren?!" og "utruleg mykje flotte folk her, altså" er refrenget på jordet og åtgaumen utfor porten.

 

Festidalen er open for folk i alle aldrar. Born under 13 år kjem gratis inn. Dei frå 13 til 18 må kjøpe eigen billett og ha følgje med verge. Sjå www.festidalen.no for meir informasjon.


Bussbillett er inkludert i passet du kjøper. Enkelt for deg og enkelt for oss. 

festidalen truduernoko rockfjellkjærleik festidalen2024 #fd24

Restriksjoner

For publikum under 18 år: Sjå reglar kring vergeordning på www.festidalen.no.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.