page view image

Festidalen 2023

Arrangementsinformasjon
event image

Etter to års coronapause opplever vi svært positive tilbakemeldingar etter Festidalen 2022.  


Planlegginga av Festidalen 2023 er difor i full gang og igjen har vi gleda av å invitere til fest på Dønhaug i Uskedalen i slutten av juni.  23. og 24. juni 2023 er det Kvinnherad og Uskedalen som gjeld, framleis plassert midt i sunnhordlandsbassenget. Her får du servert musikk og kortreist mat av internasjonal klasse. I fjor høyrde vi mykje "for eit program!", "har du smakt burgeren?" og "utruleg mykje flotte folk her altså" summe over festivalområdet. Heilt sant, eller #truestory som vi seier på bygda. 

 

Festidalen er open for folk i alle aldrar. Born under 13 år kjem gratis inn. Dei frå 13 til 18 må kjøpe eigen billett og ha følgje med verge. Sjå www.festidalen.no for meir informasjon.


Bussbillett er inkludert i passet du kjøper. Enkelt for deg og oss. 

festidalen
truduernoko
rockfjellkjærleik
festidalen2023
fd23

Restriksjoner

For publikum under 18 år: Sjå reglar kring vergeordning på www.festidalen.no.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Refusjon skjer kun dersom arrangementet i sin heilhet vert avlyst.